Biblioteket har byrja å abonnere på Pressreader, ei digital avisteneste som gjev tilgang til over 5000 aviser og tidsskrift frå heile verda på over 60 språk.

Ein kan lese avis/tidsskrift på pc’ar i biblioteket, eller ein kan laste ned via ein app til smarttelefon eller nettbrett. Lastar ein ned appen får ein online tilgang utanfor biblioteket i 72 timer.

Ordninga er eit spleiselag mellom fylkesbiblioteket og elleve folkebibliotek i fylket. Dei elleve folkebiblioteka er Vik, Bremanger, Luster, Årdal, Gloppen, Eid, Vågsøy, Stryn, Sogndal, Flora og Førde.

Les meir om korleis du kan bruke tenesta på http://blog.pressreader.com/businessblog/use-pressreader/. Avisene og tidsskrifta finn de på http://www.pressreader.com.

Det skal vera ein grøn kaffikopp i venstre hjørnet på PressReader-sida om alt fungerer.

Translate »
Click to listen highlighted text!