Likar du å lese høgt? Har du litt ledig tid? Då kan du bli leseombod!

Eit leseombod er ein som les høgt for andre som ikkje kan lese sjølv. Måndag 12. juni kl. 12 blir det eit møte her på biblioteket for alle som ønskjer å bli leseombod. Då vil det bli informasjon om ordninga og mogelegheit til å treffe andre leseombod . Det blir lett servering.

Det finst mange ulike årsaker til at menneske ikkje kan lese sjølv. Det kan vere svaksynte, menneske med utviklingshemming eller demens eller andre som treng å høyre ei venleg stemme i kvardagen. Som leseombod er du ein døropnar inn i den litterære verda og eit lyspunkt i kvardagen!

Som leseombod er du med i eit stort nettverk. Rundt om i landet finst det over tusen frivillige som les høgt for dei som ikkje kan lese sjølv. På biblioteket arrangerer vi nettverksmøte minst to gongar i året der leseomboda kan møtast for å utveksle erfaring og tips. Biblioteket bistår også på andre måtar med boktips og spørsmål som leseomboda har i høve til lesestundene.

Dersom du ønskjer å bli leseombod, eller har spørsmål om ordninga kan du ta kontakt med Kristin Hatledal ( tlf. 57 87 48 82/ kristin.hatledal@stryn.kommune.no ) eller komme innom biblioteket.

Les gjerne meir om ordninga her: https://lesersokerbok.no/leseombud/

 

Translate »
Click to listen highlighted text!