På Torsdagskringla 5. oktober kl. 18 får vi besøk av forfattar Inge Fænn. Han vil snakke om bøker han sjølv har skrive og bøker han har lest. Han vil også snakke litt om arbeidet med bygdeboka. Servering av kringle og kaffi. Gratis inngong. Velkomen til alle!

Første torsdagen kvar månad arrangerer biblioteket «Torsdagskringla» med eit program som varierer frå gong til gong, men der vi alltid avsluttar med kaffi og kringle. No på torsdag får vi besøk av Inge Fænn. Inge Fænn er frå Markane og  har vore journalist og redaktør i Fjordingen og styrar for Sunnmørsposten sitt avdelingskontor i Stryn. Inge Fænn er også forfattar og medforfattar av fleire bøker. I 2014 gav han ut boka «Anders Svor. Bilethoggaren frå Hornindal», og han har vore medforfattar av boka om Alexandra Hotell, boka «Flo United», «40 år med buss frå vest» og «Skåla – fjellet og folket». På «Torsdagskringla» vil Inge Fænn snakke både om bøker han sjølv har skrive og om bøker han har lest som har gjeve inntrykk på han. Han vil også seie litt om arbeidet med bygdeboka. Det er ope for spørsmål og samtale om tema.

 

Translate »
Click to listen highlighted text!