Annakvar torsdag arrangerer biblioteket språkkafe saman med Stryn Røde Kors, Stryn frivilligsentral, Flyktningtenesta, Norskundervisninga og Redd Barna i Stryn. Vi har veldig godt oppmøte av flyktningar og dels arbeidsinnvandrarar,  men saknar lokale stryningar. Har du ein halvtime eller eit par timar til overs av og til på torsdagane så håpar vi at du vil komme og vere med på språkkafeen. Det er ikkje noko krav til forkunnskap eller når og kor ofte du møter. Du møter når du har tid og lyst, men du gjer ein viktig innsats for å integrere nye innbyggarar i kommunen! Ta gjerne med deg ein venn eller to! Språkkafeen byrjar kl. 18 og ein kan sitte fram til kl. 20 om ein ønskjer. Vi serverar kaffi og litt attåt.

Translate »
Click to listen highlighted text!