Lån og bestillingar

Fjernlån

Dersom du ikkje finn ei bok, film eller anna medie i Stryn bibliotek sin katalog vil vi gjere det beste for å skaffe det for deg uansett. Stryn bibliotek er ein del av det nasjonale biblioteknettverket og kan bestille bøker og anna materiale frå bibliotek over heile landet, både andre folkebibliotek og universitets- og høgskulebibliotek. Vi kan også skaffe bøker frå bibliotek i utlandet. Du kan også bestille materialet sjølv dersom du har nasjonalt lånekort (sjå lenger nede på sida).

  • Fjernlån er gratis for lånaren.
  • Du som lånar hentar og leverer tilbake materialet her på biblioteket, medan vi sørgjer for frakta mellom biblioteka.
  • Fjernlån kjem vanlegvis innan ei veke, men det spørs på kor enkelt det er å få tak i og kva bibliotek som har det tilgjengeleg.
  • Kom innom, ring, send e-post eller bruk kontaktskjemaet på websøk for å bestille og fornye fjernlån.
  • Er du usikker på kva du skal ha er det nok best å ringe eller komme innom biblioteket slik at vi er sikre på at det er det rette som blir bestilt. Mest mogeleg nøyaktige opplysningar om tittel, forfattar og evt. utgåve/utgivelsesår gjer det raskare og enklare å bestille det du vil ha.
  • Fornying av fjernlån: Det er eigarbiblioteket sine fristar som gjeld ved fjernlån. Ver merksam på at det kan vere andre fristar og reglar som gjeld ved fjernlån. Det er eigarbiblioteket som avgjer om det er greit å fornye lånet. Ta kontakt med oss for å fornye fjernlån, så gjev vi deg beskjed så raskt som mogeleg.

Norgeslån

Viss du har eit nasjonalt lånekort og pinkode kan du sjølv bestille materialet frå Biblioteksøk – bibsok.no

Du hentar og leverer på ditt lokale bibliotek.

Slik gjer du det:

  • Gå til bibsok.no og logg deg inn med lånekortnr. ditt (N + alle siffera) og pinkode.
  • Søk opp boka. Trykk på bestill.
  • Sjekk at hentebibliotek er der du ønskjer å hente og bestill boka. Du vil få kvittering på det du har bestilt.
  • Du vil få beskjed på e-post, sms eller brev når du kan hente det du har bestilt.
  • Dersom du ikkje finn det du vil ha, ta kontakt med oss så kan vi undersøke nærare om vi får tak i det frå andre stadar. Dersom det er nyleg utgjeve er det ein god sjanse for at vi vil kjøpe det inn dersom du tipsar oss om det.

Translate »
Click to listen highlighted text!