Ny i Noreg

Biblioteket har mange nyttige tilbod for dei som er nye i landet. Det er gratis å bruke biblioteket i Noreg. Ønskjer du å låne bøker, filmar, språkkurs og musikk kan du ta kontakt med oss så får du eit lånekort.

Biblioteket har seks datamaskiner til fri bruk for alle som kjem innom. Vi har også gratis wifi slik at alle kan kople seg opp til internett på eigen pc, mobil eller nettbrett. Det er også mogeleg å ta utskrifter frå publikumsmaskinene. Biblioteket er også ein fin stad for å lese aviser og møte andre folk for ein prat.

Vi har ei eiga hylle på biblioteket som er tilrettelagt for innvandrarar og framandspråklege. Her kan ein bl.a. finne språkkurs, som består av lærebok + cd. Vi har kjøpt inn læreverk og arbeidsbøker med oppgåver, og vi har bøker om norsk grammatikk.

Rett ved sidan av «Ny i Noreg hylla» står «Bok for alle hylla». Der kan ein finne lettleste bøker for vaksne. Desse bøkene passer godt for dei som held på å lære seg norsk. Bøkene har eit enkelt språk, utan for mange vanskelege ord. Dei har også korte setningar og avsnitt.

Lån bøker på eige språk

  • I «Ny i Noreg hylla» vil det også til ei kvar tid stå eit depot frå det fleirspråklege bibliotek. Dette vil bestå av bøker, musikk og dvd-ar på eit anna språk enn norsk. Vi vil bytte ut depotet med eit depot på eit anna språk med jamlege høve. Vi vil først og fremst låne inn depot på dei morsmåla vi veit mange nytter i kommunen.
  • Biblioteket har høve til bestille bøker, filmar etc. frå det fleirspråklege bibliotek når som helst. Ta kontakt med oss så bestiller vi inn etter ønskje. Her kan du søkje i katalogen til Det fleirspråklege bibliotek. Du kan også sjølv bestille bøker derifrå dersom du har eit nasjonalt lånekort med pinkode.
  • Ta kontakt med oss dersom du ønskjer meir informasjon eller vil bestille bøker.
Translate »
Click to listen highlighted text!