Tilbod for barn og unge

På biblioteket ønskjer vi å rette ei spesiell merksemd mot barn og unge. Vi har dei siste åra endra på biblioteklokalet og laga ein eigen barnekrok og ungdomskrok. Her kan vi tilby eit stort utval av bøker og lydbøker. I tillegg til dette har vi mange barnefilmar og musikk. I barne- og ungdomskroken har vi også tilbod om eit breidt utval av brettspel, vi har ein i-pad i kvar krok og i tillegg har vi playstation på medierommet som er mykje i bruk. Spør oss om det er bøker eller andre medier vi ikkje har så får vi tak i dei. Vi er veldig glad for boktips!

Barn under 16 år kan få eige lånekort med samtykke frå foreldra. Dersom foreldra ikkje er med barnet når dei skal ha lånekort må ein fylle ut eit innmeldingsskjema. Dette finn de her: Innmeldingskjema barn. Ein tek då ansvaret for det barnet lånar på biblioteket.

 

Bibliotektilbod til barnehagar:

Vi ønskjer alle barnehagar velkomne til å besøke oss i opningstida. Vi kan tilby:

  • Hjelp til å finne bøker om ulike tema
  • Små lesestunder
  • Mogelegheit for å pusle puslespel, spele spel, teikne, leike
  • Mogelegheit til å ete nistepakka
  • Besøk ut i barnehagane med lesestund. Ta kontakt dersom de ønskjer dette.
  • Bokpakkar etter tema, alder, interesse mm.
  • Besøk på foreldremøter

 

Bibliotektilbod til skular:

Sommarles:  Kvar sommar har Stryn bibliotek ein lesekonkurranse for dei mellom 6-13 år. Her kan de finne skjema for sommarles: Sommarleskort 2017

Alle skular og klassar er velkomne til å besøke oss i opningstida. Dersom de ønskjer opplegg utanom å låne bøker er det fint om de kan ta kontakt i forkant slik at vi har tid til å lage eit tilrettelagt opplegg.

Vi kan tilby:

  • Bokkasser etter ønskje. Tal på bøker kan variere etter ønskje og tal på elevar i klassen.
  • Informasjon om biblioteket
  • Boktips
  • Lesestund/høgtlesning
  • Besøk i klassar med eige opplegg
  • Besøk på foreldremøter

For klassesett ta kontakt med Fylkesbiblioteket. Dei har over 200 klassesett til utlån. Etter bestilling kan dei hentast og leverast hos oss.

 

 

 

Translate »
Click to listen highlighted text!