Lånereglar

  1. Alle som bur i landet har rett til å låne bøker og anna materiale gratis frå Stryn bibliotek.
  2. Som lånar blir du registrert og får lånekort. Lånar må melde frå ved adresseendring.
  3. Barn under ungdomskulealder må ha underskrift frå føresette for å få lånekort.
  4. Ynskjer du å låne noko som er utlånt, kan vi setje deg opp på venteliste.
  5. Bøker, filmar mm. som vi ikkje har i eiga samling, kan i dei fleste tilfelle lånast inn frå andre bibliotek. Då gjeld eigarbiblioteket sine reglar.
  6. Utlånt materiale som ikkje er levert tilbake vert purra etter forfall. Lånar må betale gebyr for purringa. Barn under 16 år betalar ikkje for første purring.
  7. Lånar er ansvarleg for alt lånt materiale. Øydelagd eller bortkome materiale må erstattast.
  8. Dersom lånar ikkje held dei fastsette utlånsreglane, kan lånar miste retten til å låne for ei tid.

Lånetid:

Bøker, lydbøker og digikort: 4 veker

Tidsskrift, musikk, tv-seriar  og dataspel: 2 veker

Film: 1 veke

Du kan forlenge lånetida dersom det ikkje er venteliste. Ring, send e-post, kom til biblioteket eller logg deg inn på katalogen vår på nett.

Gebyr:

  1. varsel: kr 20,-
  2. varsel: kr 30,-
  3. varsel: erstatningskrav

Purringane blir lagt saman og må betalast sjølv om materialet blir levert seinare. Purregebyr kan betalast kontant på biblioteket.

Erstatningssatsar:

Bøker for vaksne: 350 kr

Bøker for barn: 200 kr

Lydbøker, digikort: 350 kr

Dataspel, film og musikk: 200 kr

Fjernlån: Eigarbiblioteket sin erstatningssats.

I tillegg kjem gebyr kr 50,- ved erstatningskrav.

Bibliotekpersonalet vurderer andre satsar ved særskilde høve.

Translate »
Click to listen highlighted text!