Leseombod

Likar du å lese høgt? Har du litt ledig tid? Då kan du bli leseombod!

Eit leseombod er ein som les høgt for andre som ikkje kan lese sjølv. Det finst mange ulike årsaker til at menneske ikkje kan lese sjølv. Det kan vere svaksynte, menneske med utviklingshemming eller demens eller andre som treng å høyre ei venleg stemme i kvardagen. Som leseombod er du ein døropnar inn i den litterære verda og eit lyspunkt i kvardagen!

Som leseombod er du med i eit stort nettverk. Rundt om i landet finst det over tusen frivillige som les høgt for dei som ikkje kan lese sjølv. På biblioteket arrangerer vi nettverksmøte minst to gongar i året der leseomboda kan møtast for å utveksle erfaring og tips. Biblioteket bistår også på andre måtar med boktips og spørsmål som leseomboda har i høve til lesestundene.

Dersom du ønskjer å bli leseombod, eller har spørsmål om ordninga kan du ta kontakt med Kristin Hatledal ( tlf. 57 87 48 82/ kristin.hatledal@stryn.kommune.no ) eller komme innom biblioteket.

Bok til alle

Stryn bibliotek er Bok til alle-bibliotek. Eit Bok til alle-bibliotek har hyller med tilrettelagte bøker som er sortert etter ulik grad av tilpassing. Spør oss gjerne om kva bøker som kan passe for ulike lesevanskar.

Leser søker bok

Bok til alle-tilbodet og leseombodordninga er i samarbeid med Leser søker bok som er ei foreining som jobbar for at alle skal ha tilgang til gode bøker. Dei gjev støtte til forfattarar, illustratørar og forlag som ønskjer å gje ut bøker tilpassa menneske med ulik leseevne. Dei samarbeidar med 346 bibliotek rundt om i landet for å få bøkene ut på hyllene, inkludert Stryn bibliotek.

Translate »
Click to listen highlighted text!