Lesekroken

Lesekroken er eit digitalt online-tilbod som er tilrettelagt for minoritetsspråklege/fleirkulturelle, to-språklege og etnisk norske. Tenesta er gratis i bruk for alle innbyggarane i kommunen, skular, barnehagar, mottak, PPT-teneste osv. Portalen inneheld e-bøker og e-lydbøker med eventyr frå Asbjørnsen og Moe sine samlingar på bokmål og nynorsk, samt 19 av dei mest vanlege framandspråka i Noreg.

Lesekroken inneheld i tillegg interaktive aktivitetar til eventyra som er tilpassa alle kjente nettlesarar som Explorer 8 og nyare, Firefox, Chrome osv, PC/MAC/nettbrett og alle Smart-mobiltelefonar. Tenesta er nettbasert, ingen installasjon eller nedlasting av program. Brukarane kan logge seg på uansett kor dei er i verda.
Eventyra er oversatt og lest inn av tospråklege lærarar/pedagogar.
I tillegg bidreg kjente artistar og skodespelarar. Det er dei same fire eventyra som går igjen på kvart minoritetsspråk, «Mannen som skulle stelle heime», «Dei tre bukkane Bruse», «Den sjuande far i huset» og «Pannekaka», samt ca. 100 klassiske eventyr til på bokmål i Lydbiblioteket , fleire puslespel- og fargeleggingsmogelegheiter.

Her finn de Lesekroken.

Translate »
Click to listen highlighted text!