Avistenesten

Så lenge du er i biblioteket har du fri tilgang til millioner av norske avissider frå 1760-talet og fram til i dag. Tenesta inneheld både landsdekkande aviser og lokalaviser. Du kan velje å søkje i ei enkelt avis eller alle avisene samtidig. Nasjonalbiblioteket digitaliserer heile den norske avissamlinga. Talet på digitaliserte aviser aukar stadig. Tenesta er tilgjengeleg på biblioteket sine datamaskiner. Spør etter hjelp til å logge inn. Fjordingen er ikkje digitalisert endå, men arbeidet er i gong. Her finn du avisarkivet.

Translate »
Click to listen highlighted text!