Stryn vidaregåande skule

Stryn bibliotek er skulebibliotek for Stryn vidaregåande skule og er samlokalisert i 1. etasje aust på Stryn vidaregåande skule.

På biblioteket finn du skjønnlitteratur, faglitteratur og oppslagsverk. Vi låner også ut teikneseriar, lydbøker, musikk, tidsskrift og filmar.

Vi hjelper til med utlån og innlevering av skulebøker.

Biblioteket har elles ein fin lesesal der du kan sitje i fred og ro og fordjupe deg i faga.

Vi hjelper deg også med å låne inn bøker frå andre bibliotek, og vi hjelper deg gjerne med å finne gode fagkjelder i bøker og på nettet.

Biblioteksjef er Kristin Hatledal. Aud Skipenes, Marthe Holien Bø og Sigrid Flo Standal er bibliotekarar

 

 

Translate »
Click to listen highlighted text!