Kva skjer?

feb
19
man
Vinterferieaktivitetar på biblioteket
feb 19@10:00-feb 24@14:00

På biblioteket skjer det noko kvar dag i ferien. Kom innom oss og bli med på aktivitetane eller slå deg til ro i sofaen med ei god bok.

Måndag : OL-verkstad. Vi lagar vennskapsband i OL-fargane, fargelegg OL-ringane og skriv heiarop til Bø-brødrene og andre norske utøvarar.

Tysdag: Lesestund med Ruth Maria kl. 12. For barn i alderen 3-6 år. Barnehagar må melde seg på. Det blir også perleverkstad der ein kan perle på brett eller perle smykker.

Onsdag: Morsmålsdagen 2018. Det blir utstilling med bøker på ulike språk, språkløype med premiar og alle kan komme og henge opp sitt favorittord på morsmålstreet vårt.

Torsdag: Bokmerkeverkstad. Lag ditt eige bokmerke. Vi stiller med utstyr.

Fredag: Filmdag. Vi viser to filmar. Kl. 11 viser vi «Karsten og Petra lager teater». Kl. 13 viser vi «Knerten 4: Ekspedisjon Knerten». Biblioteket stiller med popkorn!

Laurdag: Familielaurdag. Det blir brettspeldag på familielaurdagen. Biblioteket har eit breidt utval av brettspel og byr på snacks og drikke. Har du eit favorittspel heime som du ikkje får nok av er det berre å ta det med.

 

feb
22
tor
Språkkafe
feb 22@18:00-22:00

Vil du lære å snakke betre norsk? Eller vil du som snakkar norsk frå før bli kjent med nye menneske og nye kulturar? Kom på språkkafe på Stryn bibliotek.

Det blir enkel matservering

Språkkafeen er eit samarbeid mellom Stryn Røde Kors, Redd Barna i Stryn, Flyktningtenesta, Stryn bibliotek, Frivilligsentralen og Norskundervisninga i Stryn kommune.

 

feb
24
lør
Familielaurdag
feb 24@11:00-14:00

Det blir familielaurdag siste laurdagen i kvar månad.

Laurdag 27. januar blir det tema «Teikneseriar» på familielaurdagen. Kunstgruppa på Kulturskulen har jobba med teikneseriar om venskap og det blir høgtideleg opning av utstillinga kl. 12 på biblioteket denne laurdagen. Vi vil finne fram teikneseriar og bøker om venskap, og barna vil også få høve til å lage eigne teikneseriar. Det blir vist filmatisert teikneserie på filmrommet og andre kjekke aktivitetar for heile familien.

 

mar
1
tor
Torsdagskringla med Ove Eide
mar 1@18:00-19:30

                                                                            «Fram i lyset» – ein litterær fylkeskanon i Sogn og Fjordane

Opphavsperson: Anja Angelskår Mjelde Kilde: Sogn og Fjordane fylkesbibliotek Ove Eide CC BY-SA 4.0 https://creativecommons.org/licenses/by-sa/4.0

Ove Eide er ein norsk forfattar, bokredaktør, lektor og kulturarbeidar frå Sandane i Gloppen kommune. Han har komme med eit forslag til ein litterær kanon for Sogn og Fjordane. På Torsdagskringla vil han presentere denne litterære kanonen med eit ekstra blikk på lokale forfattarar saman med nokre lokale opplesarar.

Ove Eide er på ein turne på Nordfjordbiblioteka kalla «Fram i lyset» som er støtta av Fritt Ord.

 

mar
8
tor
Språkkafe
mar 8@18:00-22:00

Vil du lære å snakke betre norsk? Eller vil du som snakkar norsk frå før bli kjent med nye menneske og nye kulturar? Kom på språkkafe på Stryn bibliotek.

Det blir enkel matservering

Språkkafeen er eit samarbeid mellom Stryn Røde Kors, Redd Barna i Stryn, Flyktningtenesta, Stryn bibliotek, Frivilligsentralen og Norskundervisninga i Stryn kommune.

 

mar
15
tor
Ordførar i sofaen
mar 15@16:00-20:00

Ordførar Sven Flo er klar for å møte folk i sofaen på biblioteket igjen. Han vil vere på biblioteket ein gong i månaden fram til sommaren. Kom innom om for ein prat eller diskusjon, ros eller ris.

mar
22
tor
Språkkafe
mar 22@18:00-22:00

Vil du lære å snakke betre norsk? Eller vil du som snakkar norsk frå før bli kjent med nye menneske og nye kulturar? Kom på språkkafe på Stryn bibliotek.

Det blir enkel matservering

Språkkafeen er eit samarbeid mellom Stryn Røde Kors, Redd Barna i Stryn, Flyktningtenesta, Stryn bibliotek, Frivilligsentralen og Norskundervisninga i Stryn kommune.

 

mar
24
lør
Familielaurdag
mar 24@11:00-14:00

Det blir familielaurdag siste laurdagen i kvar månad.

Laurdag 27. januar blir det tema «Teikneseriar» på familielaurdagen. Kunstgruppa på Kulturskulen har jobba med teikneseriar om venskap og det blir høgtideleg opning av utstillinga kl. 12 på biblioteket denne laurdagen. Vi vil finne fram teikneseriar og bøker om venskap, og barna vil også få høve til å lage eigne teikneseriar. Det blir vist filmatisert teikneserie på filmrommet og andre kjekke aktivitetar for heile familien.

 

apr
5
tor
Språkkafe
apr 5@18:00-22:00

Vil du lære å snakke betre norsk? Eller vil du som snakkar norsk frå før bli kjent med nye menneske og nye kulturar? Kom på språkkafe på Stryn bibliotek.

Det blir enkel matservering

Språkkafeen er eit samarbeid mellom Stryn Røde Kors, Redd Barna i Stryn, Flyktningtenesta, Stryn bibliotek, Frivilligsentralen og Norskundervisninga i Stryn kommune.

 

Torsdagskringla med Katrine Sele
apr 5@18:00-19:00

Pressefoto Katrine Sele / Jølster Hotell.

I 2017 kom journalist og forfattar Katrine Sele med boka «Jølster hotell:historier frå eit asylmottak». På biblioteket vil ho fortelje om boka og lese frå ho.

«Det staselege sveitserhuset som har teke imot gjester frå 1890-talet til vår tid, har dei siste sju åra husa kring 100 asylsøkjarar, mellom anna frå Eritrea, Etiopia, Sudan, Syria, Afghanistan og Irak. Katrine Sele, som bur i Jølster, oppsøkjer asylmottaket. Ho blir kjend med huset, folka og historiene der. Det har blitt ei sterk og viktig bok om eit av dei viktigaste spørsmåla i vår tid, flyktningkrisa og menneska som er råka. Jølster Hotell er inga vanleg dokumentarisk skildring av flyktningsituasjonen i dag, men det er ei nær og varm forteljing om korleis det er å vente, vente på vedtak, vente på at klager skal bli behandla, vente på å bli busett, vente på at livet skal byrje.» (samlaget.no)

 

Translate »
Click to listen highlighted text!