Lokalhistorie

I lokalhistoriesamlinga til biblioteket kan du finne bøker, fotografi, filmar, artiklar, årbøker og lokalhistoriske oppgåver med mykje informasjon om Stryn og bygdene rundt.

Vi har mikrofilmapparat og mikrofilm frå avisa Fjordingen tilbake til 1930 og Innfjordingen frå 1928-1929. Vi låner også inn mikrofilm frå Nasjonalbiblioteket dersom det er ønskje om andre aviser.

Stadig meir blir tilgjengeleg på nett via Nasjonalbiblioteket si digitale bokhylle. Det er mogeleg å søkje på t.d. aviser, bøker, bilete, handskrifter, radio og film. Søk i bokhylla.

 

Aktuelle nettstadar:
Arkivportalen – nasjonal søketeneste på tvers av arkivinstitusjonar sine katalogar
Arkivverket – Riksarkivet og statsarkiva
Digitalarkivet – inneheld folketellingar, kyrkjebøker, emigrantprotokollar mm.
Digitalt museum – dei kulturhistoriske musea si formidlingsløysing for foto, gjenstandar og kunst
Disnorge – landet si største foreining for slektshistorie
Gravminner – finn slektningar etter år 1900.
Fjognedok –  bibliografisk database med registrert lokalhistorisk litteratur frå Sogn og Fjordane gjeve ut frå 1865 til i dag.
Kulturminnesøk – finn informasjon om over 170 000 kulturminner og kulturmiljø
Kultursøk – felles søk til digitalisert skriftleg materiale frå heile landet
Lokalhistoriewiki – wiki med lokalhistoriske artiklar skrivne av frivillige
Sogn og Fjordane fylkesarkiv – kjelder til den lokale historia for fylket, bl.a. foto, fylkesatlas og kulturhistorisk leksikon
Translate »
Click to listen highlighted text!