Kva skjer?
Aktuelt
E-post i staden for SMS
Biblioteket går over til å kommunisere pr e-post i staden for SMS. Dersom du ikkje har registrert e-postadresse hos biblioteket, vil du framleis få SMS.
Les meirBiblioteket stenger 15. april – 21. april (også meirope)
Stryn bibliotek skal over på nytt IT-system. Biblioteket blir difor heilt stengt frå 15. april-21. april. Dette gjeld også katalog på nett. Vi opnar opp tidlegare om det er mogeleg.
Les meirOpningstider i påska
I påskeveka har biblioteket endra opningstider. Les meir om dette her.
Les meirNye retningslinjer for fjernlån
Biblioteket vil gjere merksam på ein del endringar når det gjeld bøker vi låner inn frå andre bibliotek. Endringane kan bety at det er bøker som ikkje kan bestillast inn, eller som vil ta lenger tid før lånar får.
Les meirMeirope bibliotek
Ved å inngå avtale med Stryn bibliotek kan du få tilgang til biblioteket sine lokale frå kl. 7.00 til kl. 23.00 på alle vekedagar.
Du må vere minst 15 år og ha meirope-kontrakt med biblioteket, eller nytte tilbodet saman med ein vaksen. Den vaksne har ansvar for dei borna han eller ho tek med seg, og borna skal ikkje vere åleine i biblioteket
Boktips
Stryn vidaregåande skule
Stryn bibliotek er skulebibliotek for Stryn vidaregåande skule og er samlokalisert i 1. etasje aust på Stryn vidaregåande skule. Hos oss kan du låne skulebøkene som du treng på Stryn vidaregåande skule. Du får lånekort hos oss når du byrjar på skulen, viss du ikkje allereie har fått det tidlegare. Dersom du ønskjer det så kan vi endre det til eit nasjonalt lånekort slik at du kan bruke det på alle bibliotek i landet. Dette kan vere praktisk, spesielt viss du har tenkt å gå vidare på skule seinare. I tillegg gjev det nasjonale lånekortet deg tilgang til fleire digitale tenester som du kan nytte på fritida og i skulearbeidet.
Velkomen til skulebiblioteket!