Bibliotekveka 2023

For tredje år på rad skal Stryn bibliotek arrangere bibliotekVEKA. Ei heil veke med kjekke arrangement! Torsdag 26. oktober opnar vi opp og serverer kake til bibliotekbrukarane våre. Vi set også fram eit aktivitetsbord og inviterer barn til å komme og lage sin eigen bibliotekbutton. Kl. 12 den dagen viser vi filmen Bayala – et magisk eventyr. Barnehagar, skular og andre som er interessert kan komme til biblioteket og sjå den på storskjerm. På kvelden er det språkkafe, og vi håpar mange vil komme for å bli litt betre kjend med dei nyaste innbyggarane i kommunen vår! Les meir om språkkafe her.

Bilde av kvinne i gul gensar

Fredag 27. oktober får vi besøk av sjølvaste Maria Parr. Vi har ønskja oss ho på besøk i mange år, og er veldig glad for at det passa så godt no når ho er komme ut med ny bok; Oskar og eg. Vi har invitert inn alle 4. klassingane i kommunen, og ho skal i tre omgangar den føremiddagen lese frå boka si og snakke med dei. Denne dagen vil biblioteket vere stengt for vanleg publikum fram til kl. 13. Les meir om arrangementet her.

Laurdag 28. oktober blir det tradisjonell Familielaurdag på biblioteket med aktivitetsbord og film. Sidan det er Halloween nokre dagar etterpå blir det Halloweentema på aktivitetsbordet og filmen. Vi viser filmen Monsterfamilien – ingen er perfekte. Den passer frå ca. 6 år og har norsk tale.

Vi er veldig glade for at vi frå kl. 14 den same dagen har fått lov å vere med på samarbeidsarrangementet “Litterær aften med afternoon tea” i Singerheimen. Dette er i samarbeid med sistnemnde institusjon og Rom for ord. Det blir omvisning og afternoon tea med vertskapet før det kl. 16 blir forfattarmøte med Kristin Valla. Her må ein melde seg på. Les meir om arrangementet og meld deg på her.

Kvinne med mørkt langt hår i svart kjole mot lys bakgrunn
Kvinneansikt med brunt hår

Etter ein liten pausedag søndagen inviterer vi igjen skuleklassar på besøk til biblioteket på måndag 30. oktober. I fjor hadde vi invitert Hilde Myklebust til biblioteket for å møte 1. klassingar på dei mange utkantskulane i kommunen for eit forfattarmøte. Det var vi dessverre nøydde til å utsetje fordi Myklebust måtte skynde seg til Oslo i høve at ho var nominert til Brage-prisen. I år kjem ho difor tilbake for å møte elevane som no er begynt i 2. klasse. Ho skal lese frå boka si Ylva og villgeitene. Biblioteket vil også denne dagen halde litt stengt på føremiddagen. Det blir stengt til kl. 11.30 i høve besøket. Les meir om arrangementet her.

Tysdag 31. oktober, kl. 19.00, er vi stolte over at vi får besøk av ein no heimvendt utanrikskorrespondent frå Utvik, Roger Bruland. Heile Noreg har blitt kjend med han etter reportasjane frå Ukraina, og no kjem han på turne med foredraget Krig og pandemi i Europa. Vi reknar med det blir mange folk på dette arrangementet, så det er lurt å vere tidleg ute for å vere sikker på plass. Biblioteket har plass til omlag 100 menneske, og det er mogeleg det kan bli fullt denne dagen. Foredraget er i samarbeid med Folkeakademiet Sogn og Fjordane. Les meir om det her.

Onsdag 1. november inviterer biblioteket folk til å bli betre kjend med dei digitale tenestene vi tilbyr. Vi er veldig stolte over alle dei gratis tilboda som vi og dei andre biblioteka i Noreg har på nett. Vi har gratis bøker, lydbøker, magasin, aviser, og filmar. Nasjonalbiblioteket har også enorme mengder med digitalt materiale tilgjengeleg på nett. Vi opplever likevel at mange ikkje er klar over desse tenestene og korleis ein kan bruke dei, og vil difor invitere til digital lunsjprat. Jon Myklebust på kantina på vidaregåande stiller med påsmurd mat og vi spanderer kaffi. Saman med serveringa får de eit foredrag der biblioteksjef Kristin Hatledal viser kva tenester biblioteket kan tilby på nett. Det blir også tips og triks, spesielt i forhold til dei som studerer på gamle tider og slektsforsking. Vi byrjar i lunsjtider kl. 12, og det er mogeleg å ta med eigen pc, nettbrett eller mobil for dei som ønskjer å prøve ut sjølv medan Kristin Hatledal viser på storskjerm. Les meir om arrangementet her.

Mann i strikkagensar

Vi avsluttar bibliotekVEKA med Torsdagskringla 2. november kl. 19.00. Vi er godt nøgde med at nesten alle foredragshaldarane og forfattarane våre på denne bibliotekveka kjem frå nærområdet til Stryn. Maria Parr er frå Fiskå i Vanylven, Hilde Myklebust frå Syltedalen i Vanylven, Roger Bruland er frå Utvik og Birger Berge, som kjem til oss på Torsdagskringla, er frå Naustdal i Sunnfjord. Birger Berge er kjend frå instagramkontoen @brigerberge og kom i slutten av september ut med boka Nordisk mønsterstrikk på Samlaget. Berge vil fortelje om vegen fram mot den nye boka og inspirasjonen bak dei nye designa. Han vil også fortelje om si strikkehistorie, lidenskapen for strikkinga og litt om livet som strikkande mann. Her er det fullt mogeleg å ta med seg sitt eige strikketøy om ein vil medan ein lytter til Birger Berge si historie. Sidan det er Torsdagskringla er det sjølvsagt med servering av kaffe og kringle. Les meir om arrangementet her.