Julekalenderpose

grøn bakgrunn med raud sekk og tekst der det står julekalenderpose

Vil du låne ein gratis og miljøvennleg julekalender i år? Bestill julekalenderpose med 24 bøker tilpassa alderen til barnett/barna. Vi lagar ein julepose til kvar familie. Dersom det er fleire barn så kan dei altså opne kvar sin dag.

Gje oss gjerne eit tips om interesser og kva type bøker barna likar, i tillegg til namn og alder.

Posen må bestillast innan tysdag 21. november. Vi sender ut meldingar fortløpande etter at posen er klar.

Bestill posen på postmottak.bib@stryn.kommune.no eller ta kontakt i skranken.