Stryn bibliotek skal over på nytt IT-system og må difor stenge ei vekes tid i midten av april. Dette gjeld også meirope. Det vil ikkje vere mogeleg å låne bøker, reservere eller søkje i bokbasen medan dette arbeidet går føre seg. Det vil vere mogeleg å levere inn bøker i bokkassa på døra. Biblioteket vil opne att tidlegare om det er mogeleg, men ein må rekne med at arbeidet fort kan ta heile veka. Vi ber brukarar vere tolmodige i tidsrommet, og nytte høvet til å låne mykje bøker i dagane før vi stenger.