Sommarles med lydbøker

Alle kan ha glede av ei lydbok. For barn med dysleksi eller andre lesevanskar kan lydbøker gje leselyst, ei kjensle av meistring og moglegheit til å lesa dei same bøkene som andre.

Tibi (Biblioteket for tilrettelagd litteratur) les inn sommarlesforteljinga på nynorsk og bokmål. Lydforteljinga kjem på sommarles.no og er for alle som likar å lytta til ei god historie.

I tillegg til sommarlesforteljinga har Tibi tusenvis av populære og aktuelle lydbøker for barn og ungdom. Høyr bøkene på mobil og nettbrett med Tibi-appen. Tibi er ei bibliotekteneste for alle som strevar med å lesa visuell tekst, anten det er dysleksi, ADHD eller nedsett syn som er årsaka. som har dysleksi eller andre lesevanskar.

Sjekk utvalet og finn ut meir på tibi.no. Alle kan bli med på Sommarles!