Sommarles 2024 er i gong frå 1. juni, og alle barn frå 1. – 7. klasse i Stryn kommune kan no vere med på Noregs kulaste lesekampanje, saman med barn frå heile Noreg. Sommarles.no har vore ein stor suksess gjennom fleire år, og i fjor deltok over 166 000 barn. I Stryn deltok 392 barn i fjor og dette var over halvparten av dei som kunne delta frå kommunen. Målet med kampanjen er å motivere barna til å lese så mykje dei berre orkar i løpet av ein lang sommarferie.
Vi håpar mange vil vere med i år også. Påmeldinga er god allereie. Heile 200 har meldt seg på etter første helga, og vi håpar på endå fleire framover. Vi oppmodar foreldre til å følgje litt med på lesinga og at det blir registrert rett. Det er også veldig fint å nytte høvet til litt høgtlesing i heimen, som også gjev poeng. I september blir det ein Sommarlesfest der vi i tillegg til å dele ut is til alle saman også trekker nokre ekstra premiar.
Sommarles.no gjer det kjekt å lese!
- Sommarles er ein digital lesekampanje på nettsida Sommarles.no. Barna lagar seg ein profil, registrerer alt dei les i kampanjeperioden og får XP (poeng) for kvar side dei les.
- Sommarles.no er for barn i 1. – 7. klasse (også for dei som byrjar på skulen til hausten) og varer frå 1. juni til 31. august.
- Barna får tilgang til ei spesialskriven forteljing av forfattar Mari Moen Holsve.
- I tillegg til XP, kan barna også gjere seg fortente til digitale trofe og kule premiar som kan hentast på biblioteket!