Nytt biblioteksystem

Vi har nettopp skifta biblioteksystem. Dette vil innebere nokre endringar i forhold til katalog, purringar og mine sider.

Les meir om dette her
Bokhylle med to hovud framføre

Aktuelt

Gul bakgrunn, skrift og teiknestift

Stengt bibliotek mellom kl. 12 – 14, måndag 17. juni

Biblioteket vil stenge i to timar, mellom kl. 12 – 14, måndag 17. juni. Dette er pga felles samling med kulturavdelinga i kommunen.

Les meir
Ei bok og ei hand som held ein mobil med bilde av bokhylle

Meirope ute av drift

Vi har problem med meirope bibliotek etter overgangen til nytt biblioteksystem. Det ser dessverre ikkje ut til at nokon kjem seg inn på meirope bibliotek for tida. Brukarstøtte jobbar med saka, men ein kan nok dessverre ikkje rekne med at det blir ordna i helga. Vi håpar at dette blir kortvarig og at det er Meirope ute av drift

Les meir
Bøker på lilla bakgrunn

Fjernlån

Det er vedtatt ei tenesteerklæring for fjernlån i Vestland som vi på biblioteket i Stryn kjem til å halde oss til framover. Grunnen til at dette er komme på plass er at det har vore eit auka press på dei nasjonale utlånstenestene og at det difor har vore nødvendig å stramme inn litt, og ha felles reglar for biblioteka.

Les meir
Kvinne som les bok på strand

Sommarbingo for ungdom og vaksne

I sommar kan alle som er for gamle for Sommarles vere med på ein eigen Sommarbingo på biblioteket. Sommarbingoen er for deg som har lyst på ein litt ekstra motivasjon for å lese bøker gjennom sommaren! Legg vekk skjermen meir denne sommaren og les saman med barna som er med på Sommarles!

Les meir

Meirope bibliotek

Ved å inngå avtale med Stryn bibliotek kan du få tilgang til biblioteket sine lokale frå kl. 7.00 til kl. 23.00 på alle vekedagar.

Du må vere minst 15 år og ha meirope-kontrakt med biblioteket, eller nytte tilbodet saman med ein vaksen. Den vaksne har ansvar for dei borna han eller ho tek med seg, og borna skal ikkje vere åleine i biblioteket

Boktips

Kva gjer du når alt du drøymer om er eit stort bursdagsselskap og mamma seier at de ikkje har råd?
Endeleg ei ny bok om guten som ikkje vil vere tjuv
Om du hadde to år igjen å leve, kva ville du ha gjort?
Vinnar av nynorsk barnelitteraturpris 2023!

Stryn vidaregåande skule

Stryn bibliotek er skulebibliotek for Stryn vidaregåande skule og er samlokalisert i 1. etasje aust på Stryn vidaregåande skule. Hos oss kan du låne skulebøkene som du treng på Stryn vidaregåande skule. Du får lånekort hos oss når du byrjar på skulen, viss du ikkje allereie har fått det tidlegare. Dersom du ønskjer det så kan vi endre det til eit nasjonalt lånekort slik at du kan bruke det på alle bibliotek i landet. Dette kan vere praktisk, spesielt viss du har tenkt å gå vidare på skule seinare. I tillegg gjev det nasjonale lånekortet deg tilgang til fleire digitale tenester som du kan nytte på fritida og i skulearbeidet.

Velkomen til skulebiblioteket!