Stryn bibliotek ønskjer å tilby brukarane våre ein mogelegheit til å låne bøker, filmar og magasin hos oss, til trass for stengte dører. Vi har blitt inspirert av Arendal bibliotek, og opnar difor opp for takeaway-bibliotek.

Bruk lånekort og pinkode for å logge deg inn på «Mine sider» på strynbibliotek.no. Her kan du søkje og reservere bøker. Du kan også ringe på tlf. 57874880 eller 57874882 mellom kl. 11-14 måndag til fredag. Eller sende ein e-post til postmottak.bib@stryn.kommune.no. Bøkene må reserverast dagen før for at de skal vere sikre på at dei er klare til henting når de kjem.

Det er ikkje mogeleg å fjernlåne bøker i denne perioden sidan fjernlånet mellom biblioteka er stengt.

Bøkene må hentast i tidsrommet 11-14. Ring oss når du er her.

Smittevern:

Tiltaket er sett i gang i samråd med kommuneoverlege. Vi vil ta omsyn til smittevern, ha god handhygiene og bruke plasthanskar når vi handterer bøkene. Det same gjeld ved innlevering av bøker. Bøker som blir levert inn vil vere i karantene i ei veke for å vere heilt sikker på at det ikkje er smittefare ved bøkene lenger. Av omsyn til smittevern vil bøkene bli levert deg på utsida av inngangsdøra.

Ordninga føreset at vi ikkje får ein situasjon der vi ikkje kan bemanne tenesta.