Når:
26. oktober 2021@18:00-19:00
2021-10-26T18:00:00+02:00
2021-10-26T19:00:00+02:00
Hvor:
Stryn bibliotek
Pris:
Gratis
Kontakt:
Kristin Hatledal
57874880

Bjørn F. Rørvik er ein av våre mest anerkjente barnebokforfattarar, og kanskje mest kjent for bøkene om Bukkene Bruse. Han har også skrive Reven og Grisungen-serien, gåtebøker og om mesterdetektiven Purriot. Bøkene hans er fulle av humor og morosame påfunn, og mange av dei er solgt til utlandet.

Boka Bukkene Bruse på Badeland er tiårets mestselgande barnebok i Norge. De tre bukkene Bruse er kanskje det mest kjente norske folkeeventyret. Det er kort, har fleire gjentakingar og ei klar handling som er enkel å huske. Eventyret er dermed lett å gjenfortelle for små born.

I seinare tid er eventyret vidarefortolka av forfattar Bjørn F. Rørvik og illustratør Gry Moursund. Bøkene i serien er Bukkene Bruse på Badeland, Bukkene Bruse vender tilbake, Bukkene Bruse begynner på skolen og Bukkene Bruse drar til Syden.

Bjørn har først ei livleg opplesing med bilder til, og etterpå vert det teikneverkstad. Ungane får teikne sine eigne troll, og Bjørn har med seg nokre ferdige «trolldelar» (nase, auge, munn og naselauv) som illustratør Gry Mousund har laga.

Vi ønskjer påmelding på dette arrangementet til postmottak.bib@stryn.kommune.no, evt. tlf 57 87 48 80 eller ta kontakt i skranken.

Arrangementet er i samarbeid med Folkeakademiet.