Når:
7. november 2019@06:00-07:00
2019-11-07T06:00:00+01:00
2019-11-07T07:00:00+01:00
Hvor:
Stryn bibliotek
Hegrevegen 1
6783 Stryn
Pris:
Gratis
Kontakt:
Kristin Hatledal
57874880

Paul O. Tomasgard har skrive historia om landbruket i Hornindal. I fjor kom band 1: Frå flintsigd til robotfjøs, og i haust vil han komme ut med band 2 av dette verket. Tomasgard vil på biblioteket fortelje om korleis folk i Hornindal har livberga seg gjennom tusenåra. Korleis dei har arbeidd og skaffa seg levebrød, i kamp med og mot naturen, og i gode og dårlege tider. Ressursane i naturen har alltid vore grunnlaget for folk sin levemåte og busetnad. Rike somrar med vekstkraft kunne endre seg til korte somrar i kamp mot regn, kulde og snø. År med fred og velstand i bygda og landet har skift med ufred og krig. Folk har kjempa mot undertrykking, svolt, pest og avfolking. Nye generasjonar har teke fatt på nytt for å byggje seg heimar og ta ressursane i bruk. I band 2 er det tida frå midt i 1960-åra og fram til i dag som blir skildra.

Biblioteket har lenge ønska å invitere Paul Tomasgard på besøk. Han har gjeve ut fleire lokalhistoriske bøker og artiklar enn knapt nokon anna i distriktet og sit inne med mykje kunnskap om historie og bygdeliv i Hornindal, men også i bygdene rundt.

Stryn bibliotek fekk i fjor fått bokårsmidlar til ei eiga arrangementrekkje om #bygdelivet, og då var det sjølvsagt at ein også gjerne ville ha med det heilt lokale perspektivet. Vi er  veldig glade for at Paul Tomasgard vil komme og fortelje om det siste prosjektet sitt: landbruket i Hornindal gjennom tidene. Det at band 2 i dette verket kjem ut i desse dagar er vi også veldig glade for. Det vil bli høve til å kjøpe bøkene hans på biblioteket denne kvelden.

Dette arrangementet er også Torsdagskringla denne månaden, og biblioteket vil spandere kaffi og kringle.

Arrangementet er støtta av bokårsmidlar frå Nasjonalbiblioteket.