Når:
23. september 2020@18:00-19:15
2020-09-23T18:00:00+02:00
2020-09-23T19:15:00+02:00
Hvor:
Stryn bibliotek
Hegrevegen 1
6783 Stryn
Pris:
Gratis
Kontakt:
Kristin Hatledal
57874880
Eit friare liv? @ Stryn bibliotek
Meir tid til familien, meir tid til seg sjølv. Meir tid i naturen, meir tid i heimen. Fleire soloppgangar og solnedgangar på netthinna, færre timar framom skjermen. Moderne menneske drøymer om meir og annleis tid. Koronavåren har opna tida for oss, på uventa måtar. No møter vi hausten nokre erfaringar rikare.
Mot dette bakteppet samtalar og les forfattarane Simen Tveitereid og Kjersti Rorgemoen frå bøkene sine «Eit fritt liv» og «Eit praktisk menneske».
Journalist og forfattar Simen Tveiterid forlet storby og fast jobb til fordel for småbruk og frilans-liv for nokre år tilbake. Fisketurar, skogsarbeid og grønsaksdyrking stod på ynskjelista. Dermed braut han med norma i det norske samfunnet, der refrenget går slik: Vi må arbeide meir, tene meir og forbruke meir for å berge velferdsstaten. Korleis samsvarer dette verdiane våre, er det enklare sagt rett? Eller er det feil? I boka «Et fritt liv» vekslar Tveitereid mellom å skildre store og små hendingar på småbruket, og å drøfte arbeid og velferd i historiske og filosofiske perspektiv.
I sin siste roman «Eit praktisk menneske» skriv Kjersti Rorgemoen fram ein hovudperson som står i fleire liknande dilemma. Høgt utdanna vender ei ung kvinne heim til bygda og arbeidet i ei nyoppretta stilling som museumsterapeut. Romankarakteren Liv Indrebø har til liks med Simen Tveitereid kjøpt seg eit småbruk, der ho lengtar etter å vere, skape og byggje. Ho må i staden sitje bak skjermen på museumskontoret og produsere ord; Søknader om midlar til utstillingar ho ikkje ser verdien av å lage. Tala ho set inn i budsjettsøknadane er «tilfeldige og skamlause».
Liv lengtar etter det autentiske og meiningsfylte. Etter det som var. «Med overskudd og ironi klarer Kjersti Rorgemoen å sette i gang mange tanker om hvilket samfunn vi ønsker oss og hvordan vi vekter nytten av et arbeid» skriv Hanna Lindberg i Bokvennen litterære avis. Romanen på snaue nitti sider har fått overstrøymande mottaking frå eit samla kritikar-korps; For språket, for det skarpe og vittige blikket, for melankolien og for å skildra samtida, det vi står i og strevar med, som moderne menneske.
Velkommen til eit møte med to av våre fremste skrivande i kvar sine sjangrar, i dette programmet som er ein del av Rom for ord si samtalerekkje «Med to til ords». Arrangementet er støtta av Fritt ord og Norsk kulturråd.
Det vil vere eit avgrensa tal publikum, og det vil kun vere påmelding på førehand. Arrangementet er gratis.
Påmelding til: postmottak.bib@stryn.kommune.no eller tlf: 57 87 48 80