Når:
23. august 2022@19:00-20:00
2022-08-23T19:00:00+02:00
2022-08-23T20:00:00+02:00
Hvor:
Stryn bibliotek
Hegrevegen 1
6783 Stryn
Pris:
Gratis
Kontakt:
Kristin Hatledal
57874880

Eit mentalt pusterom i naturen

Naturen gjev alle menneske mogelegheit til å bli lukkelege. Sitatet vert tilskrive den romerske hoffpoeten Claudius Claudanius som levde på slutten av 300-talet etter Kristus. Snart 2000 år seinare er denne visdomen framleis ferskvare. I boka «Friluftsfersking» viser Une Cecilie Oksvold veg til det mentale pusterommet som finst i naturen, for alle.

Angst og depresjon har vore ein del av tilveret hennar sidan barndommen. Midt i 20-åra sat ho heilt fast i angsten. Beskjeden frå legen var klar: Kom deg ut på tur. Sidan den gongen har ho vore ein aktiv friluftsfersking med ei bratt læringskurve. – Når eg er ute i naturen greier eg å vere tilstades. Eg får ei ro eg ikkje finn andre stader, seier ho.

I dette foredraget deler ho historia si om å finne vegen opp frå sofaen og inn i naturen.

-Du treng ikkje gå langt, vere tøff eller ha mykje, dyrt utstyr for å få dei største naturopplevingane, forklarer forfattaren. Eit låvterskel friluftsliv kan også gi meistringsopplevingar og ha ein terapeutisk effekt for kvar enkelt av oss. Une Cecilie Oksvold deler ærlege, inspirerande erfaringar om å la naturen bli ein viktig støttespelar i livet.

Une Cecilie Oksvold er forfattar av boka Friluftsfersking og kjem med ny bok i haust – Turdagboka. Ho er for mange kjend frå instagram der ho har over 43 000 følgjarar.

Arrangementet er i samarbeid med Rom for ord.