Når:
1. oktober 2020@18:00-19:15
2020-10-01T18:00:00+02:00
2020-10-01T19:15:00+02:00
Hvor:
Stryn bibliotek
Hegrevegen 1
6783 Stryn
Pris:
Gratis
Kontakt:
Kristin Hatledal
57874880

Journalist Kari Fure møter forfattar Emil Andre Erstad til samtale om boka hans “Farvel Syria – om eit folk på flukt”. Boka kom ut i 2016, men er minst like aktuell no.

Krigen i Syria har ført til det som blir omtalt som den største flyktningkrisa sidan andre verdskrigen. Millionar av menneske er på flukt, og for mange av dei finst det ikkje nokon snarleg ende på flukta. I Farvel, Syria blir du kjend med nokre av dei som har forlate heimlandet sitt. Emil André Erstad har reist til Midtausten og snakka med religiøse minoritetar, einslege kvinner, homofile og opposisjonelle. Mange av desse kan ikkje få trygge liv i nærområda til Syria, samtidig som Noreg og andre europeiske land gjer det vanskelegare for flyktningane å krysse grensene.

Boka diskuterer korleis verdssamfunnet best kan stille opp for flyktningane. Den gir sterke møte med enkeltmenneske som er ramma av krigen, og innspel til ein betre flyktningpolitikk for Noreg og verda. Kari Fure vil snakka med Emil Andre Erstad om boka hans, og på det måten kanskje gjere det lettare å forstå ei av dei mest brennande sakane i vår tid.

Emil Andre Erstad er ein norsk politikar og forfattar. Han var leiar i KrFU frå 2013 til 2015, men meldte seg ut av partiet i 2020. Erstad er utdanna innanfor statsvitskap og arbeidar no som kommunikasjonssjef i Den norske Helsingforskomite. Frå 2016 til 2019 arbeida han som næraste rådgjevar for partileiar Knut Arild Hareide, og i 2019 kom han med boka “Hareides fall: trettiseks dagar som endra norsk politikk”.

Kari Fure, som er vaksen opp i Olden, er redaktør i Dagen. Ho har reist mykje i Midtausten for å dekke kristne og andre minoritetar si flukt frå sine historiske områder. Ho har også eit sterkt engasjement for kvinner sin situasjon. Fure har hovudfag i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen og gav i 2015 ut boka Flukten fra Syria og Irak

Arrangementet er i samarbeid med flyktningtenesta og norskundervisninga, og er støtta av Fritt Ord.

Koronatiltak:

Kun påmelding på førehand. Maks tal publikum. Påmelding: postmottak.bib@stryn.kommune.no / tlf: 57 87 48 80

 

Pressphoto of Head of Communication, Emil André Erstad

Foto: Kari Fure