Når:
12. november 2021@18:00-19:00
2021-11-12T18:00:00+01:00
2021-11-12T19:00:00+01:00

På Kulturnatta i Stryn gler vi oss til å ønskje velkomen Siri Helle til biblioteket! Siri Helle er utdanna agronom i økologisk landbruk frå Sogn jord- og hagebruksskule. Ho arbeider tidvis som skribent og journalist, snikkarassistent og geitebudeie. I 2020 gav ho ut boka «Med berre nevane»-eit forsvar for praktisk arbeid.

Dette er ei historie om å bygge eit lite, men heilt nødvendig hus på eiga hand og kjenne ei intens meistringsglede over å gjere ting sjølv. Siri Helle var skuleflink, men sprang kring skulebygningane i friminutta på barneskulen for å verte kvitt uroa i kroppen. Sjølvsagt skulle slike som henne vidare på universitetet, men først då Siri Helle utdanna seg til agronom, fann ho seg sjølv. Kva skjer med oss når vi ikkje lenger brukar hendene? Kva skjer med samfunnet?
På vegen tilbake til sine eigne hender lét Siri Helle seg inspirere av andre menneske som på ulike måtar finn glede, meining og i nokre tilfelle levebrød i å skape med hender og kropp. Dette er ei forteljing om praktisk arbeid og intens meistringsglede .Eit spanande og inspirerande møte som får deg til å brette opp ermene og lære deg noko vettig.

N.B. Klokkeslett er ikkje heilt fastlagt og kan bli litt endra! Påmelding til: postmottak.bib@stryn.kommune.no eller tlf. 57 87 48 80 / 57 87 48 82