Når:
18. september 2021@12:00-13:00
2021-09-18T12:00:00+02:00
2021-09-18T13:00:00+02:00
Hvor:
Stryn bibliotek
Hegrevegen 1
6783 Stryn
Pris:
Gratis
Kontakt:
Kristin Hatledal
57874880

Vi gler oss stort til å ønskje Trude Teige velkomen til Stryn! Vi har ønskja oss ho på besøk lenge, og er glade for at vi no får høve til det i samarbeid med Folkeakademiet i Sogn og Fjordane.

Trude Teige er utdanna oversettar og journalist. Ho har arbeida som politisk reportar, nyheitsankar og programleiar i TV2. I haust er ho aktuell med boka “Morfar pustet med havet” der ho følgjer spora etter morfaren til Japan under 2. verdskrig. Teige har til no skrive ti romanar, i tillegg til to sakprosabøker, og opparbeida seg ein stor følgjerskare både rundt om i landet og her i Stryn. På besøket her vil ho ta for seg dei sanne historiene bak dei siste bøkene.

Slik som det ser ut no vil vi måtte halde oss til gjeldande smittevernreglar og ein meter avstand mellom stolane. Det vil difor bli avgrensa plassar under besøket. Dersom det opnar opp meir vil vi kunne ta imot fleire i publikum. Ein må melde seg på og det blir førstemann til mølla. Påmelding til: postmottak.bib@stryn.kommune.no eller tlf 57 87 48 80/ 57874882