Når:
25. oktober 2021@19:00-20:00
2021-10-25T19:00:00+02:00
2021-10-25T20:00:00+02:00
Hvor:
Stryn bibliotek
Hegrevegen 1
Pris:
Gratis
Kontakt:
Kristin Hatledal
57874880

Måndag 25. oktober får vi besøk i biblioteket av turneen «Korleis fortel vi historiene?» med litteraturvitar og professor emeritus Jakob Lothe og tidlegare journalist og forfattar Katrine Sele.

Jakob Lothe skriv om overlevande frå konsentrasjonsleirane under andre verdskrigen i bøkene Tidsvitner og Kvinnelige tidsvitner. Her dokumenterer han sentrale historier i norsk krigshistorie. Katrine Sele har i Hotell Jølster: Historier frå eit asylmottak skrive ned historier til flyktningar på asylmottak på Vassenden i Jølster (Sunnfjord kommune).
Med utgangspunkt i desse verka vil dei samtalte om tidsvitne og kor viktig det er å formidle historiene deira.

Eit tidsvitne gir eit menneskeleg ansikt til tragiske eller utfordrande hendingar, dei drar det nærare den som les eller høyrer og skaper ei forståing av det som har skjedd. Dette er med på å påverke korleis vi, som samfunn, snakkar om kvarandre.

Arrangementet består av ei samtale mellom Katrine Sele og Jakob Lothe med Astrid Moe som samtaleleiar.

Turneen er støtta av Fritt Ord og Bibliotekutvikling Vestland.