Når:
24. januar 2019@18:00-19:00
2019-01-24T18:00:00+01:00
2019-01-24T19:00:00+01:00
Hvor:
Stryn bibliotek
Hegrevegen 1
6783 Stryn
Pris:
Gratis
Kontakt:
Kristin Hatledal
57874882

Same haust som fredsprisen sette eit søkjelys på seksualisert vald i krig gav Lunde forlag ut ei bok der dette er eit berande tema. “Det er noe ganske annet å være kvinne i krig enn å være mann” sa ei mor på flukt frå Syria til forfattar Kari Fure. Det var nettopp frykta for valdtekt ho hadde i tankane. Den korte setninga blei starten på Fure sitt prosjekt der ho har samla kvinnehistorier frå Syria og Irak.

I Krigens døtre fortel kvinner frå Syria og Irak om liva sine i år med krig og konflikt. Lesarane møter døtrer som fortel om ekstremvariantar av familieliv – i bomberegn og i grå flyktningleirar, dei møter kvinner som må forsørgje familiane sine når mennene forsvinn, barnebruder, studentar, visjonære kvinneforkjemparar, modige nonner og omsorgsfulle frisørar. For skjønnheitssalongane må ikkje undervurderast. Dei er kvinnene sine frisoner.

Kari Fure, som er vaksen opp i Olden, er redaktør i Dagen. Ho har reist mykje i Midtausten for å dekke kristne og andre minoritetar si flukt frå sine historiske områder. Ho har også eit sterkt engasjement for kvinner sin situasjon. Fure har hovudfag i samanliknande politikk frå Universitetet i Bergen og gav i 2015 ut boka Flukten fra Syria og Irak.