Når:
6. oktober 2022@19:00-20:00
2022-10-06T19:00:00+02:00
2022-10-06T20:00:00+02:00
Hvor:
Stryn bibliotek
Hegrevegen 1
6783 Stryn
Pris:
Gratis
Kontakt:
Kristin Hatledal
57874880

Sognefjorden er ein lang, bratt dal fylt av havvatn og forma av isbrear gjennom millionar av år. Sigri Sandberg er ei rastlaus tobarnsmor som bur fleire stader. Uroa veks med ei hanglande verd og sjukdom og død i nær krets. Ho lengtar etter ro. Sandberg bestemmer seg for å ro Sognefjorden, dei over tjue milene i verdas lengste farbare fjord, i ein gammal trebåt. Mannen, venninner og mor hennar er med på ulike strekk. Ferda startar ytst i havet, i Gulen der ho budde som lita, og går innover mot Luster og garden der ho delvis bur no. Undervegs fortel ho om korleis fjorden vart til, om vind og straumar og livet over og under vatn.  Det vert bølgjer og dramatikk, men også blikstilt hav.

I ei uroleg verd lengtar forfattaren etter ro og å finne heim. Finn ho det ho er på jakt etter? I samtale med Ruth Maria Tøfte Heimlid får vi svar på dette og korleis Sigri opplevde å ro verdas lengste farbare fjord i ein gamal oselvar.

Sigri Sandberg har lang erfaring som journalist og er forfattar av fleire bøker. Ho skriv ofte om menneske i naturen. Sigri Sandberg rodde Sognefjorden sommaren 2021 . Turen resulterte i boka: «Ro: Om Sognefjorden og ein lang rotur heim»

Arrangementet er i samarbeid med Vestland fylkeskommune.

Sigri Sandberg

Bilde: Privat.

Omslag: Steinar Rorgemoen