Når:
9. november 2021@19:00-20:15
2021-11-09T19:00:00+01:00
2021-11-09T20:15:00+01:00
Hvor:
Stryn bibliotek
Hegrevegen 1
6783 Stryn
Pris:
Gratis
Kontakt:
Kristin Hatledal
57874880

I fjor kom den vakre boka «Vestlandshus» i handel. No vert det høve til å høyre forfattaren Eva Røyrane fortelje om det vestlandske våningshuset, medan fotograf Oddleiv Apneseth vis bilete frå boka.

Dei to har leita frå Jæren til Sunnmøre etter gamle vestlandske våningshus. Saman med den raude løa vart dette avlange, oftast kvitmåla bustadhuset landemerke og kjenneteikn på vestlandske gardstun i løpet av 1800-talet.
Med tida har dei fleste av desse karakteristiske bygningane blitt erstatta av nyare bustadhus som hovudhus på garden. Husa som står att finst i ulik framtoning. Somme syng på siste verset, andre er velhaldne, mange fungerer som feriebustad. I somme hus møter gammal byggeskikk ny arkitektur, her ser vi korleis det tradisjonelle våningshuset kan tilpassast dagens behov og framleis brukast som heilårsbustad. I boka er det også tatt med fleire eksempel herifrå kommunen.

Forfattar Eva Røyrane (f.1956) bur i Ølve i Kvinnherad. Ho har vore journalist i Bergens Tidene og jobba før det i NRK. Oddleiv Apneseth (f. 1955) bur i Bygstad i Sunnfjord. Han var fotograf i Bergens Tidende, men har lenge jobba som frilansar. Sidan 2013 har dei to jobba saman med kulturhistoriske prosjekt som har resultert i desse bøkene: Norges låver (2014), Av stein (2017), Klyngetunet – den norske landsbyen (2018) og no den om vestlandshus, alle på Skald forlag.

Arrangementet er gratis og i samarbeid med Vestland fylkeskommune og folkeakademiet Hordaland.