
Korleis kan seniorar bli i arbeid lengst mogeleg? Digitalt foredrag med dr. Hege Sofie Hesselberg
Om lag annankvar måndag kan du komme på biblioteket og ta del i digitale føredrag. Saman med anerkjente ekspertar og dei beste føredragshaldarane gjer SeniorUni Norge læring til ei oppleving. Ta lunsjen på biblioteket saman med andre, anten med å ta med eigen matpakke eller kjøp med oss for ein billig penge. Vi spanderer kaffien!
Kva skjer når den psykologiske kontrakta mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar blir brote seint i karriera? Og kva rolle spelar næraste leiar i å førebygge dette? I dette foredraget får du innsikt i tema som den psykologiske kontrakta si innverknad for seniorarbeidstakarar, korleis brot kan oppstå, og korleis leiarar kan bidra til å styrke seniorar si tilknyting til arbeidslivet.
Foredragshaldar Hege Sofie Hesselberg har ei doktorgrad i profesjonsstudie frå OsloMet og ei mastergrad i organisasjonspsykologi frå NTNU. Ho har omfattande erfaring innan arbeidsinkludering og har forska spesielt på seniorar si deltaking i arbeidslivet.