Kvinne med mørkt langt hår i svart kjole mot lys bakgrunn

Litterær salong med Afternoon tea i Singerheimen

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek
«Det året jeg fylte førtien kjøpte jeg et hus i landsbyen Roquebrun sørvest i Frankrike. Huset var bare mitt. Jeg kjøpte det til meg selv, for lånte penger.»
Slik byrjar Kristin Valla si forteljing Egne steder.
Inspirert av Virginia Woolfs klassiske essay “Et eget rom” får vi slå følge når ho legg ut på en reise til Frankrike for å skaffe seg ein stad å skrive.
Ein stad å skrive, ein stad å måle, ein stad å skape. Mange har funne vegen også til våre stadar og landskap for å bygge sine hus til slikt arbeid. Historia om ekteparet Anna og William Singer er ei slik forteljing, og Singerheimen er eit eineståande minnesmerke etter kunstnarekteparet som slo seg ned i Olden tidleg på 1900-talet. Saman med vertsskapet på Singerheimen inviterer vi til både omvising og after noon tea i forkant av den litterære salongen denne laurdagen:
Å forfølge ein draum er risikabelt, som vi veit, men Kristin Valla reiser ikkje aleine.
Ikkje berre har ho Virgina Woolf sin legendariske tekst i handveska til ei kvar tid. I arkiv finn ho dagbøker, brev og notat frå ei lang rekke skrivande kvinner, til trøyst og ny styrke.
Det vart fortalt at Selma Lagerlöf brukte å legge handflatene mot det gamle tømmeret i veggane på Mårbacka når ho stod fast i skrivinga. I vaksen alder kjøpte ho tilbake barndomsheimen som gjekk på tvangssalg i oppveksten. To år seinare fekk ho Nobelprisen i litteratur. For prispengane kjøpte ho tilbake alle jorda som høyrde til garden, dyr, reiskapar og skog. Fjorten familiar budde og arbeidde på eigedommane, no skulle dei også sysselsetjast og forsørgast av forfattaren. «Jeg er så lykkelig» skriv ho i eit brev. «Jeg vet ikke hvor det kommer fra, alt jeg skriver».
Forteljinga om Selma Lageröf og hennar stad på Mårbacka er ei av mange, mange livshistorier vi får sjå innom i desse litterære salongane. Sigrid Undset, Karen Blixen og Halldis Moren har sitt å seie om kor livsviktig det er å ha ein stad på jorda ein kjenner som sin heilt eigen, det same gjeld Alice Walker, Doris Lessing og fleire.
Ikkje minst har romma og husa vi skal vere i, mykje på hjartet om å finne seg stadar å vere skapande i. Vertskapa møter oss med forteljingar og omvisingar i dei fire unike heimane vi får komme inn i:
Munthehuset i Luster, Gamlebanken på Jølster, Singerheimen i Olden og Lillingstonheimen i Fjaler er våre rom for ord når vi denne hausten inviterer til forfattarmøte med Kristin Valla og held litterære salongar om å lengte etter eigne rom å arbeide i og vere skapande frå.
Påmelding til omvising og afternoon tea frå kl 14:
Singerheimen
Tel: 920 84187
E-post: post@singerheimen.no
Kr 360 per person
Litterær salong frå kl 16.
Arrangementet er ein del av Bibliotekveka i Stryn og vert arrangert i samarbeid med Singerheimen og Stryn bibliotek