Mann på brun bakgrunn

Tett på makta – Digitalt foredrag med Magnus Takvam

Dato

Tid

Stad

Stryn bibliotek

Om lag annakvar måndag kan du komme på biblioteket og ta del i digitale føredrag. Saman med anerkjente ekspertar og dei beste føredragshaldarane gjer SeniorUni Norge læring til ei oppleving. Ta lunsjen på biblioteket saman med andre, anten med å ta med eigen matpakke eller kjøp med oss for ein billig penge. Vi spanderer kaffien!

Korleis er det å komme tett på dei som styrer landet? Magnus Takvam, ein av Noreg sine mest anerkjente politiske kommentatorar, deler unike historiar og innsikter frå fire tiår med norsk politikk. Gjennom val, partistrategiar og politiske prosessar har Takvam vore eit kjent ansikt og ei tiltrudd stemme for det norske folk.

I dette foredraget tek han oss med bak kulissane i norsk politisk journalistikk, der han gjev eit personleg og skarpt blikk på dei avgjerande augneblinka, menneska og maktspela som har prega Noreg. Magnus Takvam, kjent frå sitt lange virke i NRK, pensjonerte seg i 2020 etter ein imponerande karriere og leverer framleis analyser som engasjerar og opplysar.