Stryn bibliotek er denne hausten med på kampanjen “Beste norske 2018-2020”

«Beste norske 2018-2020» er eit prosjekt i regi av Lom folkebibliotek. Litteraturkritikarane Janneken Øverland, Margunn Vikingstad, Anne Merethe K. Prinos og Bernhard Ellefsen har kome fram til lista med 15 titlar, fem bøker frå kvart av åra 2018, 2019 og 2020. Ei liste som er ei god blanding av kjende og mindre kjende bøker og forfattarar, bøker i ulike sjangrar, debutantar og etablerte forfattarar, forfattarar av begge kjønn og bøker på nynorsk og bokmål.

I tillegg til å presentere ei ny bok kvar veke med omtale av kritikarane, og ei eiga utstilling i lokalet, tenker vi dette som ein lesekampanje for vaksne som vil vare frå 6. september til utpå nyåret. Det vil bli annonsert fine premiar, og alle som er med, og les minst ei bok, har mogelegheit til å vere med på kampanjen. Vi har registreringsskjema på biblioteket slik at ein kan krysse av for dei bøkene ein har lest.

Det er 67 bibliotek rundt om i heile landet som deltek i prosjektet. Biblioteka formidlar bøkene gjennom utstillingar, lesekampanjer og arrangement. Kvar veke frå 6. september til 13. desember blir ei av bøkene presentert med omtaler av kritikarane.
Velkomne med til å lesa den beste, nye norske litteraturen. God lesehaust!