Måndag 18. mai opnar vi biblioteket att. Vi gler oss til å ønskje dykk velkomen i nyoppussa lokal! 

Det kjem til å vere litt avgrensingar i forhold til tidlegare. For å kunne overhalde smittevernreglane vil vi byrja med sommaropningstider ein månad tidlegare enn vanleg.

Opningstidene blir:

Måndag-tysdag-onsdag-fredag 10-15 og torsdag 10-17.

Laurdagane vil det vere stengt. Vi vil førebels ikkje opne opp for meirope bibliotek. 

Avgrensingar: 

  • Personar med luftvegssjukdom eller feber kan ikkje kome inn på biblioteket.
  • Maksimum 20 personar på biblioteket samtidig.
  • Kun tre pc-ar i bruk til nettbruk/utskrifter.
  • Karantene på innleverte bøker i tre dagar.
  • Bruk av antibac før ein kan lese aviser.
  • Barn i biblioteket må ha med seg føresette (barn under 15 år)
  • Skular og barnehagar blir oppmoda til å bestille bokkasser, men kan komme i små grupper under tilsyn av lærar dersom besøket er avtalt på førehand. Kun grupper/kohorter som allereie går saman, og ikkje fleire på same dag.

Smittevern:

  • Følgje dei generelle førebyggande råda frå FHI, og generelt unngå trengsel og halde avstand
  • Bruke antibac før og etter bibliotekbesøket
  • Innleveringskasse rett ved skranken.
  • Kun ein person i skranken, og det blir brukt pleksiglas
  • Hyppig reinhald av flater, datamus og tastatur i skranken
  • Reinhald av pc-ar, datamus, tastatur og kaffemaskin mellom kvar person som brukar dei.




Litt arbeid står framleis att før vi kan opne….