Vi er glade for å seie at det meste ser ut til å vere på plass etter dataangrepet i førre veke. Vi kan no bruke databasen igjen, katalogen på nett fungerer og ikkje minst er det no mogeleg å bruke meirope som vanleg! 🙂
 
Det vil likevel vere litt etterverknadar av dataangrepet. Alt som vart registrert i databasen tysdag 22. juni er borte, dvs. alle utlån, innleveringar, purringar og bestillingar. Dei som leverte bøker vil t.d. oppleve å få purringar på desse. Ta då kontakt med biblioteket, så ordnar vi det 🙂
 
Bestilte du noko, eller reserverte den dagen, må du ta kontakt, slik at vi kan bestille/reservere på nytt. Det har heller ikkje gått ut varselmeldingar på forfalte bøker den siste veka, så sjekk ekstra nøye om du har bøker som gått ut på dato, så slepp du purring.
 
Takk for hjelpa! 🙂