Axiell som leverer biblioteksystemet vårt vart tysdag kveld utsatt for eit hackerangrep. Dette er eit stort firma som leverer tenester til fleirtalet av folkebibliotek i landet. Hackarane har kryptert opplysningane i systemet og krev løysepengar for å opne det igjen. Det er usikkert når systemet vil vere oppe å gå, men det vert arbeidd hardt for å løyse saka. Biblioteket er ope som vanleg, men med manuelle løysingar. Om du skal besøke biblioteket i dag, oppmodar vi deg om å ta med lånekortet.

Datasystemet påverkar også tilgangen til meirope bibliotek. Det er difor ikkje mogeleg å nytte seg av tilbodet med meirope bibliotek før programmet er oppe og går igjen.