Sommarles er ein digital lesekampanje for 1. – 7. klasse som varer frå 1. juni til 31. august. På sommarles.no kan du registrere bøkene du les, samle poeng, få kule premiar og lesetips, lese den eksklusive Sommarles-forteljinga, løyse oppgåver og anbefale bøker til venane dine!

Korleis bli med på Sommarles?

Lag ein profil på sommarles.no for å registrere bøker, få lesetips, lese sommarkes-forteljinga og løyse oppgåver. Legg inn alt du les frå 1. juni, så får du XP (poeng) og går opp i level. Då får du digitale trofe til profilen din på nettsida, og du kan hente kule premiar på biblioteket i løpet av sommaren.

Sommarles er for alle frå 1. klasse til 7. klasse, i tillegg til dei som skal byrje på skulen til hausten. All lesing tel med! Du kan lese sjølv, høyre lydbok eller bli lest for.

Til foreldre/føresette

Sommarles er ein nettbasert lesekampanje og er laga for å motivere barn til å lese av eiga lyst. For å bli med på Sommarles.no må barnet lage ein profil saman med ein vaksen. Føresette må gje løyve til deltaking, og det er føresette si e-postadresse som blir brukt ved registrering.

Det er kjekt å vere med! Sommarles er ikkje ein konkurranse der det er om å gjere å lese mest, men digitale premieringar på nett og kule premiar som kan hentast på biblioteket aukar motivasjonen for å lese og nå stadig nye level i eige tempo. Mange barn er med år etter år, og gler seg over nye premiar og nye opplevelsar knytt til lesing. På sommarles.no kanein sjå kva som er dei mest populære bøkene akkurat denne sommaren, og dersom de ønskjer fleire lesetips kan de spørje oss på biblioteket.

Vi håpar de vil vere med å motivere barna til å vere med på Sommarles.no.Ta turen innom altom.sommerles.no for meir informasjon – elles besøk oss på biblioteket.