I fjor kom journalist og forfattar Randi Fuglehaug med boka Alt vel med mor og barn. Boka inneheld historier om fødslar fortalde av kvinner i alle aldrar frå alle delar av landet. Dei har fødd heime, på vegen, i lufta, til sjøs, for tidleg, for seint, midt under ein krig, og 22. juli 2011. Kvinnene har delt historier om korleis det er å føde midt under ein krig, føde utan straum under ein orkan og korleis det er å måtte sende nyfødde babyar bort i staden for å ha dei på brystet. Historiene handlar om Noreg dei siste 70 åra, om korleis det er å leve i vårt privilegerte, langstrekte og verharde land i nord. Men mest av alt handlar dei om kvinnenes råskap.

Randi Fuglehaug vil snakke om korleis det er og har vore å føde barn i Noreg, og dei ulike historiene ho har samla. Ho vil ha eit spesielt fokus på korleis det kan vere å føde på bygda med langt til næraste sjukehus. Dette blir både morosamt og spennande for alle damer som har fødd eller skal føde, men også for dei som likar å høyre gode forteljingar og norsk kvinnehistorie.

Arrangementet er støtta av bokårsmidlar frå Nasjonalbiblioteket