Torsdag 21. november kl. 18.00 får biblioteket besøk av historikar og forfattar Øystein Morten. Han vil halde eit foredrag basert på boka “Norske ødegårder – historien om stedene vi forlot”. Det er gratis inngang.

Ein gong var det liv i alle låvane, alle fjøsa, det var lys i vindauga på dei små og mellomstore gardane. No er denne kulturen i ferd med å forsvinne. Restane etter det daglege slitet rotnar på rot. I dag har vi fleire øydegardar enn etter svartedauden. Øystein Morten har reist rundt og skrive om ein del av desse øydegardane. Saman med ein av Noreg sine beste fotografar, Pål Hermansen, har han dokumentert forfallet. Kom og høyr ein gjennomgang av Noreg si historie gjennom gardane som er i ferd med å forsvinne.

Arrangementet er støtta av bokårsmidlar frå Nasjonalbiblioteket

 

Foto frå boka “Norske ødegårder. Fotoet er tatt av Pål Hermansen.