Kva skjer?

okt
6
tor
Sigri Sandberg: Ro – Om Sognefjorden og ein lang rotur heim @ Stryn bibliotek
okt 6@19:00-20:00

Sognefjorden er ein lang, bratt dal fylt av havvatn og forma av isbrear gjennom millionar av år. Sigri Sandberg er ei rastlaus tobarnsmor som bur fleire stader. Uroa veks med ei hanglande verd og sjukdom og død i nær krets. Ho lengtar etter ro. Sandberg bestemmer seg for å ro Sognefjorden, dei over tjue milene i verdas lengste farbare fjord, i ein gammal trebåt. Mannen, venninner og mor hennar er med på ulike strekk. Ferda startar ytst i havet, i Gulen der ho budde som lita, og går innover mot Luster og garden der ho delvis bur no. Undervegs fortel ho om korleis fjorden vart til, om vind og straumar og livet over og under vatn.  Det vert bølgjer og dramatikk, men også blikstilt hav.

I ei uroleg verd lengtar forfattaren etter ro og å finne heim. Finn ho det ho er på jakt etter? I samtale med Ruth Maria Tøfte Heimlid får vi svar på dette og korleis Sigri opplevde å ro verdas lengste farbare fjord i ein gamal oselvar.

Sigri Sandberg har lang erfaring som journalist og er forfattar av fleire bøker. Ho skriv ofte om menneske i naturen. Sigri Sandberg rodde Sognefjorden sommaren 2021 . Turen resulterte i boka: «Ro: Om Sognefjorden og ein lang rotur heim»

Arrangementet er i samarbeid med Vestland fylkeskommune.

Sigri Sandberg

Bilde: Privat.

Omslag: Steinar Rorgemoen

okt
19
ons
Dukketeateret presenterer førestillinga Sjørøverøya @ Stryn bibliotek
okt 19@18:00-18:30

Onsdag 19. oktober får biblioteket besøk av førestillinga Sjørøverøya. Førestillinga blir spelt ut på ein gamaldags engelsk speleboks og spelt ut i dukketeaterets form. Den høver for barn mellom 3-10 år.

Sjørøveren kjem og fortel publikum om øya der han skal gøyme den store skatten sin. Deretter bevegar han seg inn i dukketeaterets verd og spelar historien om sjørøvarane som kjem til øya med skatten dei skal grave ned. Førestillinga inneheld sjørøvarar, heks, spøkelse og alt som høyrer med.

Varigheit på førestillinga er ca. 30 min.

okt
27
tor
Språkkafe @ Stryn bibliotek
okt 27@18:00-19:00

Lærer du norsk og har lyst til å snakke norsk med andre? Er du norsk og har lyst til å snakke med folk frå heile verda? Kom på språkkafe!

På språkkafeen får alle mogelegheit til å snakke. Vi serverar kaffe og noko å bite i, og eit tema til å starte samtalen med. Vi lovar glede, latter og gode samtalar og kanskje nye venskap?

Vi byrjar med språkkafe att torsdag 29. september. Denne hausten kjem vi til å ha språkkafe ein gong i månaden. Dei to neste torsdagane vil bli 27. oktober og 24. november. Språkkafeen vil byrja kl. 18.00 og halde på fram til biblioteket stengar kl. 20.00.

Vi håpar også å kunne invitere inn organisasjonar som kan presentere seg sjølv og kanskje vise noko av det dei driv med på desse språkkafeane.

Språkkafeen blir arrangert av Flyktningtenesta i Stryn kommune, Norskundervisninga i Stryn kommune, Redd Barna Stryn, Stryn Røde Kors og Stryn bibliotek.

Velkomen til alle!