Det nynorske turbiblioteket

Har du ikkje besøkt det nynorske turbiblioteket endå så vil vi anbefale ein tur dit! Turbiblioteket ligg på dagturhytta i Stryn, Kloppemyrhytta. Den er di, og resten av innbyggarane i kommunen si. Dagsturhytta er ein plass for å kvile seg, bla i bøker og kanskje ete matpakka si? Der er utedo, eiga bålpanne og sitteplassar, både inne og ute. Hytta har også eigen vedfyrt omn og er godt utstyrt med sitteunderlag og strikkesokkar.

På hytta er det eit eige nynorsk turbibliotek. Fylkesbiblioteket har kjøpt inn eit utval barnebøker på nynorsk, og biblioteket har supplert med fleire barnebøker i tillegg til litt lokallitteratur. Lesing er eit helsefremjande tiltak, og etablering av nynorske turbibliotek i dagsturhyttene styrkar folkehelseperspektivet i prosjektet. Bøkene skal stimulere til lesing og gjere nynorsk barnelitteratur kjent og tilgjengeleg for fleire.Det er biblioteket som har ansvar for turbiblioteket og vedlikehald av det, og supplerar årleg med nye utgjevingar.

Korleis komme seg dit?

Frå parkeringsplassen går den merka stien langs Vikaelva heilt opp til Kloppemyra. Derifrå kan du gå vidare i retning Stryn vinterski. Det er svak stigning, for det meste i lett skogsterreng. Hytta ligg på om lag 250 moh.

Frå parkeringsplassen ved Stryn vinterski (350 moh.) følgjer du turløypetraseen ca. 500 m, svingar til venstre og følgjer merka sti nedover mot Kloppemyrhytta/sentrum.

Frå grusplass til venstre for Øyravegen (Tonningsøyra), vest for Stryn stadion til Kloppemyrhytta: Om lag 1,5 km. 30–45 min roleg gange.
Frå parkeringsplass Stryn vinterski til Kloppemyrhytta: Om lag 1,7 km. 30–45 min roleg gange.

Parkering til Dagsturhytta er på grusplass til venstre for Øyravegen (Tonningsøyra), vest for Stryn stadion.

Sjå kart her.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga/ Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane sjølve.