Flipp

Les blad gratis på biblioteket

No kan du få tilgang til Flipp på biblioteket! Det betyr at alle brukarar som er innom biblioteket og koplar seg opp til nettverket vårt kan få tilgang ved å opne appen Flipp gjennom App Store eller Google Play, eller gå til blader.flipp.no og lese.

Kva er Flipp?

Flipp gjev tilgang til dei fleste blada som blir gjeve ut av Story House Egmont, og enkelte titlar som blir gjeve ut av Egmont Kids Media. I tillegg kan du lese mange av Story House sine danske og svenske blad. Til saman tilbyr Flipp 90 blad over eit breitt interesseområde.I tillegg til dette tilbyr Flipp nye sudokuoppgåver kvar dag og puslespel som kan løysast digitalt.

Korleis får ein tilgang?

  1. Logg på Wifi: Kommune – Gjest
  2. Last ned appen «Flipp Norge»
  3. Logg inn med telefonnummer og valfritt passord

Første gong ein brukar tenesten må ein logge inn med telefonnummeret sitt og eit valfritt passord. Då blir det oppretta ein brukarkonto knytt til telefonnummeret. Deretter vil ein bli hugsa, og kan halde fram med lesinga i sju dagar heimanifrå. Dersom ein opnar appen medan ein er på nettverket hos oss vil tilgangen bli fornya.