Digitale aviser og tidsskrift

Avistenesta til Nasjonalbiblioteket

Så lenge du er i biblioteket har du fri tilgang til millionar av norske avissider frå 1760-talet og fram til i dag. Tenesta inneheld både landsdekkande aviser og lokalaviser. Du kan velje å søkje i ei enkelt avis eller alle avisene samtidig. Nasjonalbiblioteket digitaliserer heile den norske avissamlinga. Talet på digitaliserte aviser aukar stadig. Tenesta er tilgjengeleg på biblioteket sine datamaskiner. Spør etter hjelp til å logge inn. Fjordingen er ikkje digitalisert endå, men arbeidet er i gong.
Her finn du avisarkivet.

Pressreader

Biblioteket tilbyr gratis tilgang til tusenvis av blad og magasin på nett. Få tilgang til aviser som Aftenposten, Bergens Tidende, Dagsavisen, Dagbladet og magasin innan mange ulike interessefelter. Pressreader tilbyr over 7000 magasin og aviser på over 60 språk! Det er to måtar å få tilgang til Pressreader på: via biblioteket sitt nettverk eller via basen til biblioteket.

Korleis få tilgang til Pressreader via biblioteket sitt nettverk:

For å få tilgang til PressReader på mobil og nettbrett, må ein laste ned appen PressReader og kople seg på nettverket på biblioteket. Ein har då full tilgang til PressReader i sju dagar. Etter sju dagar må ein innom biblioteket att og gå inn på appen for å få oppdatert tilgangen. På pc går ein inn på pressreader.com medan ein er på biblioteket sitt nettverk.

Korleis få tilgang til Pressreader frå biblioteket:

Frå nettsida strynbibliotek.no: Klikk på «Logg inn på mine sider”. Då kjem du til databasen til biblioteket (websøket). Det er viktig at det er nettversjonen (ikkje mobilversjonen) du går inn på. Logg inn med lånenummer og pinkode (fire siffer).

Deretter dukker det opp eit nytt menyval nedst til venstre.

Klikk på pressreader. Då opnar denne seg i ei ny fane.

Legg merke til den grøne tekoppen som dukkar opp etterkvart, den betyr at du har tilgang via biblioteka i Vestland.

No kan du velje blant tusenvis av aviser og tidsskrift, på mange ulike språk, blant anna Aftenposten, BT, Dagbladet, Dagsavisen, Aftenposten junior. Merk aktuelle avis og blad som favoritt ved å klikke på hjertet, så finn du raskare fram til dei neste gong

Last gjerne ned appen PressReader til telefon eller nettbrett.

Vi anbefaler å klikke på «Sign in» for å registrere deg i PressReader (create an account). Dette er gratis, og du kan registrere deg anten med e-post, Facebook, Google eller Twitter.  Når du loggar på får du nemleg høve til å ta med deg tilgangen over til andre einingar, som til PressReader-appen på mobil eller nettbrett.  NB: Dette krev lik pålogging begge stader (til dømes pålogging med same e-postadresse og passord).