
Bokhylla er gratis tilgjengeleg for alle med norsk IP-adresse. Bøker som er opphavsrettsleg beskytta må lesast på nettet, eldre bøker kan lastast ned.
Dette er ei unik mogelegheit til å lese bøker og finne informasjon på din eigen pc. Om du vil lese dikt, skodespel, romanar, noveller eller faglitteratur så kan du finne det her. Bokhylla er også veldig fin å bruke for å søkje informasjon. Ein kan blant anna søkje etter fraser og namn i bøker. Bokhylla kan også vere eit alternativ til å fjernlåne bøker frå andre bibliotek.