I år er det 20 år sidan den første Harry Potter boka kom ut på norsk. Vi på biblioteket ønskjer å hylle desse bøkene med ein eigen Harry Potter-dag! Laurdag 16. november kl. 11 – 14 kan du vere med på morosame aktivitetar, vinne fine premiar og få kle deg ut som din favorittkarakter frå Harry Potter-universet. 
 
Kanskje du vil vere med på ein eigen time i herbologi eller lage din eigen tryllstav? Eller kanskje du vil lage di eiga monsterbok?
Vil du vite kva hus du høyrer heime i? Vil du delta i quiz? Eller vil du løyse magiske utfordringar?
 
Vi har mange fine premiar vi skal dele ut og håpar alle som er glad i Harry Potter vil komme denne dagen. Kle deg gjerne ut som Harry, Hermine eller nokon av dei andre magiske trollmennene og heksene på Galtvort.
 
Velkomen til ein forheksa dag!