Sommaren står for tur og Sommarles er i gong. No er det ekstra hjelp å hente for born som er på jakt etter ei god bok! Slepp dei laus på lesedigg.no så kan dei leike og leite etter bøker sjølv.

La borna leite sjølv

På nettstaden lesedigg.no kan borna sjølv finne bøker som passar dei. Ved å bruke knappen «Oppdag» kan dei leite etter akkurat den boka dei er ute etter. Til dømes kor lang skal boka vere? Skal den vere lettlesen eller ha mange bilete?

Ved å skrolle nedover sida finn du nyaste bokmelding, aktuelle aktivitetar, forfattarintervju og siste nytt frå Framtida Junior. Eventuelt kan du bruke meny-knappen øvst til høgre, der du finn snarvegar til bokmeldingar, bokomtalar, intervju og aktivitetar.

På nynorsk

Lesedigg er utvikla med tanke på å nå borna direkte. Difor er den også designa for å appellere til målgruppa med ekstra vekt på bruk av emojiar og visuelle element. Bøkene som ligg inne på Lesedigg er henta frå nynorskbok.no og Framtida junior. Det betyr at hovudvekta av titlane er på nynorsk og er difor eit viktig bidrag for å spreie god nynorsk litteratur. Nettstaden vil få påfyll av nye titlar til born og unge frå Framtida junior og nynorskbok.no utover hausten.

På lesedigg.no kan born leite etter gode nynorske bøker sjølv.

Kven står bak?

Lesedigg.no er utvikla av Nynorsk kultursentrum, Nynorsksenteret (Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa), seksjon for bibliotekutvikling i Vestland fylkeskommune og Landssamanslutninga av nynorskkommunar ved Framtida juniorNasjonalbiblioteket har gitt utviklingsstøtte.

 

Har du spørsmål eller innspel til nettstaden? Ta gjerne kontakt med astrid.sundset.moe@vlfk.no på Bibliotekutvikling Vestland.

Bilde i heading og i artikkelen er henta frå lesedigg.no


Denne artikkelen er henta frå Bibliotekutvikling Vestland